Ein del av dei lokale fitjarkunstnarane har rundt ein gong i månaden sin eigen måleverkstad i Årskog barnehage.

-Særleg kjekt har det vore etter at Leif (Hedman) blei med, seier dei. Han gjev oss inspirasjon, og lærer oss mykje, let det. Utanom Leif Hedman var Solveig Thomassen, Leif Kåre Helland, Ross Madsen, Oddbjørg Brekke og Ragnhild Midtsæter på plass då me tok turen utom. Og me møtte dei i ein svært så hyggjeleg og sosial atmosfære – der det var heilt tydeleg at dei både inspirererte kvarandre og hadde det hyggjeleg i lag. Denne kvelden jobba dei med stilleben og akrylmåling. Nokre gav nok uttrykk for at dei likte betre å arbeide med olje, utan at me kunne se det att på målinga deira.

Nokre av måleria med modellen for stillebenet på bordet. Foto: Håkon C. Hartvedt