Stolt kan rådmann Atle Tornes visa fram den nyaste skatten kommunen har fått tak i: Eit måleri med motiv frå Fitjar sentrum, datert 1941.

Nyhendet dukka først opp på kommunen si Facebook-side denne veka. Biletet, som skal hengjast opp i tredjeetasjen i tinghuset, er måla av kunstnaren H. K. Skagen i 1941 og har tittelen «Fra Sagastrand, Fitjar». Biletet viser miljøet som låg langs vegen mellom Gamlebanken og rådhuset. Rådmann Atle Tornes fortel til FItjarposten at biletet dukka opp på nettstaden Finn, der eit bergensfirma hadde lagt det ut for sal. Ein observant fitjarbu tipsa kommunen, og meinte at dette måtte vera eit høveleg investeringsobjekt. Vegen var ikkje lang frå ord til handling, og biletet er no på plass i rådhuset. Og seljaren av biletet skal vera rett så nøgd med at biletet no har kome heim.

 

Ingressbilete: Rådmann Atle Tornes med biletet. Foto: Arne Vestbøstad