Per Spelmann bytte bort fela for ku. "Årskogs-målarane" som me vel å kalla dei, har måla flotte skilderiar til inntekt for kjøp av ku til barneheim i Uganda.

-Bakgrunnen var at eg kom i kontakt med Gerda Rongevær, som driv ein barneheim i Nord-Uganda, fortel Solveig Thommasen som er initiativtakar for dette prosjektet, til Fitjarposten.

Ho fekk med seg målarvenene sine på ideen, og det heile resulterte i fleire flotte produksjonar, som vart lodda ut med trekning onsdag kveld. Og nok pengar til kua, ei drektig sådan, fekk dei òg. Leif Kåre Helland er òg med i målargruppa, men var ikkje til stades då Fitjarposten var på besøk.

Dei heldige vinnarane var:

Eli Simonsen ( 1 bilde), Ena Ulvarsøy (2 bilder), Sige Stangeland ( 1 bilde), Annlaug Ulvarsøy (1 bilde), Rune Levåg (Skulptur).

 

- Annonse -