Målemasta på Midtfjellet er truleg knekt i stormen i helga.

-Til no har me hatt meir enn nok å gjera med å få reparert skader på straumnettet etter stormen i helga. Så me har ikkje hatt kapasitet til å få sjekka ut kva som er skjedd med masta på Midtfjellet. Men me ser ho ikkje lenger, og me får heller ikkje meldingar i frå masta no. Det er derfor slett ikkje utruleg at ho er knekt, seier el.verk-sjef, Ole Vidar Lunde til Fitjarposten.

Kva som verkeleg er skjedd vil Kraftlaget få sjekka opp ein av dei første dagane.

-Uansett reknar me med at dette skal vera ei grei sak å få reparert, legg kraftlagsjefen til.