Sju aktive frå friidrettsgruppa i Fitjar deltok med ære på mai-lekene i Haugesund 29.-30.05. Dette er eit stort stemne, som i år samla over 500 aktive frå heile Rogaland og Hordaland. Nivået er såleis særs høgt!

Likevel: Det 11 år gamle lyntoget frå Vestbøstad, Tone Brakedal, viste ikkje mindre enn 34 jamaldrande sprint-jenter ryggen på 60m. Etter glimrande 9,08 i forsøket, hadde ho full kontroll over nervene i finalen, spurta inn til 9,24 og klar siger. Oda Rydland sprang i eit svakare forsøksheat, som ho vann.Tida (10,08) heldt, så vidt, ikkje til finaleplass, men ein flott 12. plass samanlagt.

I kule for jenter 11 år, synte Oda i praksis korleis maternalt nedarva vinnarinstinkt, kombinert med paternalt nedarva fysiske ressursar, er umogeleg å hanskast med for konkurrentane. Etter å ha hatt 3. plassen gjennom nesten heile konkuransen, samla ho seg meisterleg i siste støt, og fekk opp 7,59 m. Dette var eit resultat ingen konkurentar kunne straffe, nok eit gull til Fitjar. Ingrid Tveita fekk opp eit fint støt på 4,99 m i same øving og klasse.Dette heldt til ein 17. plass.

Av gutane synte Ådne Vik (12 år) stor framgang på 60m med 10,15. Tida heldt til ein 22. plass. Også i lengde forbetra han seg solid til 3,45 m. Andreas Vik (11 år), kom i eit svært godt heat på 60 m. Dette drog han inn til klar personleg rekord med over seks tideler (10,45). Lengderesultatet 3,07 er noko bak den personlege rekorden hans.

Dei yngste gutane, Markus Vik og Ole Rimmereid deltok på 60 m og i lengde. Ole fekk tida 11,43 på 60 m og støytte den 2 kg tunge kula 4,47m. Markus leverte 12,15 (60 m) og 3,84 m i kule.

Alt i alt eit rekordskred av Fitjar sine utøvarar. Trenarar og deltakarar var svært nøgde.