Kari Steinsland Vik overlet leiarvervet til ein skikkeleg veteran i fitjarfotballen, Magne Skumsnes. Foto: Kjetil Rydland.

Under onsdagens årsmøte i fotballgruppa i Fitjar Idrettslag blei Magne Skumsnes vald til ny leiar, medan resten av styret stort sett blir det same som i fjor.

Med brukbart frammøte avvikla fotballgruppa eit roleg og positivt årsmøte i går kveld. Rett nok har dei sportslege resultata ikkje vore betre enn dei burde vera for ein klubb på Fitjar IL sin storleik. A.laget blei nummer 10 i 5. divisjon, og hadde måtta gå den tunge vegen ned i 6. divisjon om det ikkje hadde vore for at fleire lag i seriesystemet trekte seg føre årets sesong.

God aktivitet i aldersfastsette klassar

Men Fitjar har fleire lag, og jentelaget i 15-årsklassen vann puljen sin i vårsesongen, og hevda seg bra i 1. divisjon Hordalan i haust. Elles blir det drive bra i dei andre aldersfastsette klassane. Spar Fitjar cup første helga i juni er det største arrangementet til fotballgruppa, og hadde 70 lag med i fjor. TINE fotballskule er og eit populært tiltak, som i fjor samla 78 deltakarar på fotballgruppa sin «SFO».

Av årsmeldinga går det fram at det er godt med dugnadsånd i fotballgruppa i Fitjar. Det kjem vel med, for dei er sterkt engasjerte i store prosjekt. I år skal kunstgrasbanen og garderobebygget oppgraderast, og det vil stilla store krav til eldsjelen i fitjarfotballen.

Sunn økonomisk drift

Rekneskapen for 2018 viser eit solid overskot, på 124 000 kroner. Og saldoen på kontoen var heile 411 560 kroner. Fotballgruppa er ingen liten «butikk» – dei opererer med ein årsomsetnad på vel 1,25 millionar korner! Tala frå rekneskapen hausta ros frå dei frammøtte på årsmøtet; det er tydeleg at fotballgruppa har ei fornuftig økonomisk drift.

Ny leiar med allsidig fotballerfaring

Magne Skumsnes er ny i leiarstolen, men han er slett ingen ny mann i fitjarfotballen. Han begynte med organisert fotball i Fitjar i 1969, same året som fotballgruppa blei oppretta. I 1970 spela han fast på det første gutelaget i Fitjar, og allereie året etter begynte han på A-laget.

Frå sesongen 1970 og framover spela han rundt 250 A-lagskampar for Fitjar. Magne utmerkte seg med fart, løpskraft og bra fotballforståing i dei åra han okkuperte venstrebacken til Fitjar. Og han kunne sikkert ha spela der enno, i sitt 65. år. Han er nemleg i uforskamma god form. Det er neppe nokon på dagens A-lag som klarer å halda følgje med veteranen, som framleis hevdar seg i internasjonale maratonløp.

Magne Skumsnes har hatt dei fleste funksjonar som går an å ha i fitjarfotballen. Heidersteiknet for lang og tru teneste i Fitjar Idrettslag og utmerkinga «Årets viking» har han fått for over 20 år sidan. Han har i ei årrekkje vore trenar og lagleiar for aldersbestemte lag, og har sete i fotballstyret, både som juniorleiar og skrivar.

- Annonse -

I det nye styret får Magne Skumsnes med seg Sondre Aarland Nesbø (seniorleiar), Birthe Steinsland (ungdomsleiar), Gro Hatlevik (minileiar), Stein Helge Simonsen (kasserar), Victor Aga (skrivar), Sigbjørg Vestbøstad (styremedlem), Gunn Evy Henriksen og Thomas V. Waage (varamedlemmer).