Fredag 3. mai skal KRIK Fitjar ha si siste samling i Kulturhuset før sommarferien. Då blir det ei stor happening med besøk av magikar Ruben Gazki på scena i Idrettshallen.

– Ruben Gazki er ein magisk entertainer UTAN flosshatt, silketørkle og kanin. Gløym alt du har sett av glitrande kostyme og blondiner i bikini. Gazki går sine eigne vegar og tar magien med seg inn eit nytt millennium! Risikofaktoren er høgare, effektane er sterkare, og publikum blir involvert på en heilt spesiell måte, fortel kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu.

Han opplyser  videre om  at det blir lodda ut kule KRIK-effektar denne dagen.

Samlinga er open for 7.-klassingane og oppover.  – 7.-klassingane er spesielt velkomne! seier Nobu til slutt.