Auren ville ikkje bita palmesøndag, då ein gjeng spreke strandarar gjekk til fjells for å prøva fiskelukka.

Først prøvde gjengen seg på Kvednavatnet, ein liten time frå E39 oppover Hovlandsdalen. Fiskeutstyret var det ingen ting å seia på. John Karsten Raunholm stilte med levande agn, magott, og kunstig makk. Elles såg me at det glima i slukar av gull og i alle regnbogens fargar. Isen verka trygg nok; Ingmund Bjordal målte den til 42 cm.

Men det var verre med bitet. Berre ein stakkars liten aure på knapt 200 gram let seg freista av alt det fine fiskeutstyret. Ordet gjekk blant strandarane på isen at fisken sikkert ikkje var van med isfiske; han måtte nok venjast til det. Etter eit par timar gjekk turen vidare til Mosavatnet, utan at det gav meir fiskelukke. Her var isen heile 55 cm tjukk, noko som sjølvsagt ikkje stoppa dei spreke strandarane. Men ikkje ein ein einaste aure let seg lura, og fiskarane måtte tusla slukøyra heim til kjøtgrytene åt ho mor.

No er det ikkje sikkert dei var så slukøyra likevel, for det var ein draumedag i fjellet. Glitrande solskin og ikkje ein vindpust, gav ei stemning som var til å bli både andektig og takksam over. Me var nok endå heldigare me som let fiske vera fiske, og tok oss ein «spasertur» over islagte vatn og snøskavlar på Grønafjedlet og Litlasåto.