Bilcrossavslutninga i Vikedal sist helg blei ikkje noka triumfferd for Fitjar Racing Team.

Verken i klubbløpet laurdag eller avslutningsrunden i vestlandsmeisterskapen blei det den heilt store suksessen for dei lokale racerane våre. Gisle F. Aarbø låg best an på førehand både i NMK Vikedal Cup og VM, men han klarte ikkje å kjøra seg oppover resultatlistene. Til liks med Jonas K. Lønning og namnebroren Jonas Heggøy, kom Gisle til B-finalen laurdag, og Gisle klarte ikkje å forsvara 6.-plassen som han hadde før avslutningsrunden. Til slutt enda han som nummer 9 i NMK Vikedal Cup samanlagt.

Søndagens avslutning blei heller ikkje nokon stor suksess. Jonas K. Lønning kom seg så vidt til ein C-finale, medan Gisle ikkje kom seg til nokon av finalane. I første innleiingsrunden blei Gisle sin Sierra påkjørt i sida, frå yttersving, og hamna i grøfta. Han fekk problem med eit framhjul etter kollisjonen, og klarte berre så vidt å ta seg fram til depotet for eigen maskin. I neste runden fekk han problem med vindusspylardysene, og måtte ta seg forsiktig inn til ein 5.-plass. Siste innleiingsrunden blei meir normal for Gisle, med 2.-plass, men då var det for seint for han å komma seg til nokon av finalane.

Dermed blei Gisle ståande på 62 poeng samanlagt, noko som heldt til 6.-plass i vestlandsmeisterskapen samanlagt, eit godt stykke bak Henrik Ramsvik frå Bergen, som vann. Dette er sjølvsagt ei flott plassering, sjølv om avslutninga kunne blitt betre.

Fitjargutane kom ikkje heim med så mange pokalar denne gongen, men Oliver André Matre er også med i Fitjar Racing Team. Han hadde ei god helg i Vikedal i VW-bobla si. Oliver kom til A-finalen begge dagar, og innkasserte to 5.-plassar. Teamet gler seg sjølvsagt over den fine innsatsen hans. Dessverre hadde han ikkje så mykje å henta i samandraget.

No startar førebuingane til neste sesong. Fitjar Racing Team har berre ein førar att i juniorklassen. Jonas Heggøy var rimeleg fornøgd med helga i Vikedal, og ser fram til å vera med for fullt i bilcros junior til neste år. Jonas Koløen Lønning er allereie i ferd med å overhala motoren til Volvo-en sin, før debuten i seniorklassen neste år. Toppen til motoren ligg i lause delar på eit bord i garasjen. Gisle Aarbø ser fram til å ta i bruk ein annan Sierra til neste år, med ein motor på 140-150 hestekrefter. Vinteren kan synast lang, men før me veit ordet av det, er våren her med nye motorbrøl.