Fitjarførarane var uvanleg beskjedne i premiefatet denne helga, og den norske meisteren Ingve André Strand hamna heilt nede på 8.-plass i NM-runden i crosskart.

Krabyskogen ved Gjøvik plar ikkje vera Ingve sin lykkebane, sjølv om han blei nummer to på denne banen i fjor. Denne gongen såg det bra ut etter tre andreplassar i innleiande heat, og 4. beste startspor i A-finalen.

– Men eg hadde ikkje dagen denne gongen, seier han til Fitjarposten.

I starten kom han bakpå etter å ha dobbelclutcha, og det blei mykje knuffing undervegs i A-finalen. Og Ingve var den som kom dårlegast ut av knuffinga, og enda på ein uvanleg beskjeden 8.-plass.

Men trøysta er at ingen har stukke av i teten samanlagt. Jonathan Walfridson vann løpet, og ingen av dei som var i toppen i førre NM-runde, nådde heilt opp denne gongen. Dermed er alt framleis ope i NM-samandraget.

Anders Halleråker Strand er heller ikkje fornøgd etter innsatsen i helga. Fjerdeplass i B-finalen og 11. totalt høyrer ikkje så ille ut. Men Anders er heilt klar på at ein plass i A-finalen er målet kvar gong han stiller til start.

Begge kartane fungerte bra, og i kveld var far og son travelt opptekne med å spyla av vognene sine.       – Det er enklare å sjå om det er skadar som må utbetrast før neste løp dersom me vaskar kartane reine, seier Ingve medan vatnet skvettar rundt han.

Om knappe to veker er det ny NM-runde. Denne gongen i Bø i Telemark. Då gjeld det å vera så skarpskodd som råd, for den ambisiøse norske meisteren har ikkje råd til fleire feilskjer i år. Åttandeplassen kan strykast dersom han køyrer «normalt» i NM-rundane som står att. 

– Så det er ingen grunn til å gi opp, seier ein offensiv Ingve André Strand.

For den store Fitjar-delegasjonen på bilcross i Vikedal blei det berre så måteleg jubel denne helga. Gisle Aarbø gjorde det best med ein bra B-finale, der han var oppe og lukta på siger og kvalifikasjon til A-finalen.

Den som ofte har gjort det best, er Oliver André Matre, men denne gongen blei det full stopp for den lovande VW-entusiasten. I løpet av tre forsøk på laurdagen greidde han ikkje å komma seg til mål ein einaste gong. Styrestag svikta tre gonger, utan at han var borti noko spesielt. Som kjent har du dårleg styring når styrestaget ser ut som ein banan!

Den «gamle» debutanten Gaute Aarbø unngjekk sisteplassen, men hevda seg ikkje blant dei beste. Til første innleiande runde kom han ikkje eingong til start, pga. ein liten teknisk feil. Etter å ha levd med ein draum i over 30 år må det ha vore frustrerande. Men i dei andre rundane kom han iallfall i gang, og det ryktast at han stiller på startstreken igjen i september.