Laurdag ettermiddag blei MacGyver-dagane 2009 markerte med brask og bram i Synningjo.

Mellom 20 og 30 deltakarar fann vegen til Synningjo for å vera med på markeringa av MacGyver-dagane 2009.

Initiativtakar Runar S. Skogedal ønskte velkommen, og stod for den høgtidelege opninga ved å klippa over MacGyver-tapen. Til opningsseremonien høyrde og med ein flott salutt i ekte MacGyver-stil.

Etter ein appell ved Bjørn Haaland, medlem i arrangementskomiteen, blei det servert kaffi, kaker og pølser. Så gjekk ein i gang med ekte MacGyver-aktivitetar. Den mest krevjande aktiviteten gjekk føre seg i den fine lauvskogen i Synningjo. Den gjekk ut på å berga forkomne jenter som hadde blitt fanga og bundne fast med MacGyver-tape, og forlatne i nød ute i skogen.

Andre MacGyver-inspirerte gjeremål var tautrekking og fanging av damer i garn. Etter MacGyver-aktivitetane var det ny matøkt, og diskusjon om framtidige øvingar. Det var allmenn semje blant dei 20-30 deltakarane frå 2 til 55 år om at MacGyver-dagane er komne for å bli.