Denne kampen er ei påminning om at me må skjerpa oss, seier trenar Dicki Steensohn etter at A-laget til Fitjar tapte 1-2 mot Flaktveit, laurdag. Fitjar hadde flest sjansar, men klarte likevel ikkje å få utteljing for innsatsen. Laget sitt mål vart kreditert Ronald Skår. Sjølv om det blei tap no, toppar Fitjar framleis tabellen med 30 poeng. Nærast ligg Halsnøy (23 p.) og Djerv (22 p.).