Fitjar Festivalen 2011 blir ikkje som i 2010, men spennande godbitar kjem på bordet i år òg.  I 2012 vert det storsatsing igjen, opplyser festivalleiar Roy Tore Torvund til fitjarposten.no.

– I år delar me festivalen opp i to. Første del kjem allereie 18. juni i samband med at ein då markerer 50 års jubileet for Håkonarstøtta. Det blir då konsertar i Moahagen og innslag ved lokale lag og organisasjonar, seier Torvund vidare.

5.-7. august blir det fullt liv på Sjøsio med integrert bodgate, marknad, minimesse og konsert på kaien. I tillegg vert det sjølvsagt restaurant-telt. Det vil bli ein konsert med to band, men kva for band er i skrivande stund ikkje heilt klarert, så Torvund vågar ikkje å gå ut med namn enno.