Kanskje har du ein draum om å bli fotballtrenar? No kan draumen din bli realisert!

Eller kanskje du rett og slett vil ta eit trenarkurs for å avhjelpe trenarmangel i Fitjar IL?

I alle høve vert det arrangert B-trenarkurs i fotball , del 1, i Klubbhuset i Idrettsparken i tida 16.1. – 19.1. Kvar kveld frå kl. 17.00 -21.00.

-Kurset er gratis, og alle som vil kan melde seg på, fortel Rune Brakedal til Fitjarposten.

Påmelding kan skje til Rune på mobil: 480 24 551.

- Annonse -