Sverre Sæterbø fortel til Fitjarposten at det går an å få kjøpt levande villsauer hos han.

Men det hastar svært, fortel Sverre, for førstkommande tysdag kjem slaktebilen og hentar villsauene hans. Heile flokken tel rundt 100 dyr, som går ei utrygg framtid i møte. Sverre har nemleg bestemt seg for å avslutta heile sauedrifta. Det har blitt for mykje arbeid; han har ikkje tid til å følgja opp dyra slik han kunne ønskja.

Om nokon vil kjøpa ein sau eller 10, kan dei ringja til Sverre Sæterbø snarast. Dvs. i morgon, måndag 6. februar. Tysdag er det for seint, for då kjem slaktebilen!