I januar er det igjen klart for Ungdommens Kulturmønstring. Ei mønstring der fitjarungdom fleire gonger tidlegare har gjort det svært bra.

Allereie no kan ein melda seg på, noko kultur- og informasjonssjef i Fitjar Bente Bjelland oppfordrar sterkt til. – Folk må ikkje kvi seg for å vera med. Mønstringa gjeld heller ikkje berre songtalent. Både kunst, dans og mest alt mogeleg kreativt kan ein delta med. Eg høyrde til og med om ein så hadde delteke med bilstyling, smiler Bjelland.

Ole André Westerheim, som har delteke og gått vidare i denne mønstringa fleire gonger, stør kultursjefen si oppmoding til å delta. Han seier til fitjarposten.no at UKM gjev svært verdfull sceneerfaring og er noko ein kunstnarisk vil veksa på.

Mønstringa for Fitjar, Stord, Tysnes og Bømlo finn stad 28.01. 2012 i Stord Kulturhus.

Påmeldinga kan ein sjølv fiksa ved å klikka her.