Fitjar skulekorps er det beste skulekorpset i Sunnhordland. Det synes dei er veldig kjekt og vil gjerne at fleire skal få vera med på «laget».

Skulekorpset vann NM 2. divisjon i år og er per dags dato med det det 10. beste brass-skulekorpset i heile landet! Om du likar musikk og anna morro kan korpset og vera plassen for deg. Dirigent Svein Roger Koppang vil gjerne at endå flerie skal få sjansen til å vera med i korpset og seier fylgjande:

» Fitjar skulekorps er det beste skulekorpset i Sunnhordland. Me vann NM i 2. divisjon i juni og er per dags dato det 10. beste skulekorpset (brass) i Noreg. Det synes me er veldig gøy, og me vil gjerne at du og skal få ein sjanse til å vera med på laget og å få oppleva at slikt ikkje vert skapt ved hjelp av tilfeldigheitar.

Fitjar skulekorps ynskjer nye aspirantar velkomne. Korpset har ei slik ordning at ein melder seg inn i Fitjar kulturskule og får då i første omgang undervising på kornett. Etter kvart kan ein få byta til andre messinginstrument. Elevane har undervising ein gong i veka. Undervisinga er lagt til Fitjar kultur- og idrettsbygg på måndagar frå kl. 15.30.

Likar du musikk, vener og anna moro så er dette den perfekte hobby for deg! Bruk elektronisk søknadsskjema som de finn på Fitjar kommune si heimeside dersom dette er av interesse: www.fitjar.kommune.no/utdanning !»

Svein Roger avsluttar med å ynskja deg velkomen som søkjar i Fitjar skulekorps og seier at de gjerne må ta kontakt med han om de lurer på noko. Ta gjerne kontakt på e-post: srkoppang@hotmail.com