Sidan me observerte opptil fleire fitjarbuar på Lysfesten i Bergen i ettermiddag, legg me ut nokre bilete derifrå. 

Lysfesten var eit supert forspel til adventstida der 20 000 menneske song Deilig er jorden og andre julesongar i lag, og med flotte musikkinnslag med Soul Children barnekor, Nordic Tenors og Kurt Nilsen – og med eit fantastisk fyrverkeri, for å nemne noko. 

Men om fyrverkeriet var fantastisk, var vêret ditto vått. – Eg synest synd på dokker, men eg håpar dokker får på dokker tørre kler og finner varmen igjen etterpå, sa Kurt Nilsen. Det fekk me òg, men det tok sin tid.

I morgen er det i Fitjar sentrum det skjer. Ingen grunn til å halde seg heime då.