SV-topp Audun Lysbakken kjem til Fitjar førstkomande torsdag, og det vil vere høve til å møte han i foajeen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, torsdag ettermiddag.

Her vi han innleia litt om SV sine hjartesaker og visjonar: «SV trengs for miljø og rettferd».

-Dette blir eit uformelt møte over ein kopp kaffi der Audun Lysbakken håpar å møta flest mogleg SV-sympatisørar, sympatisørar som kanskje òg kan tenkja seg å gjera ein innsats for SV lokalt fram mot kommunevalet neste haust, opplyser Annvald Tufteland til fitjarposten.no.

Ingressbilete: Audun Lysbakken  Foto: SV