Slik vart det i dobbel forstand under temakvelden i Fitjar kyrkje i går. Stemningsfulle dikt av Reidar Munkejord og nydeleg lyrisk song av Sveinung Hølmebakk.

Sveinung Hølmebakk er kjent som ein av tenorane i Nordic Tenors, men i Fitjar kyrkje i går kveld synte han seg først og fremst fram som lyrisk balladesongar. Ikkje minst rørte han oss med songen «Usynlege spor», ein gripande song med far og son som tema.

Her er eit utdrag av teksten:

Ingen store og veldige ord,

men små usynlege spor.
Ingen store og veldige ord,
men spor som viser seg
midt i den djupaste natta.
Spor som ligg der
mellom ein son og ein pappa.

I tillegg gav han til beste ein aldeles nydeleg versjon av Mathias Orheim sin kjende «Ved Jesu føter ei stille stund».

Når dette er sagt må me sjølvsagt nemne at han òg gav oss ein del innslag frå sitt klassiske tenorrepertoar – og jamvel ein bluesklassikar som Ray Charles har gjort kjent.

Til slutt, før eit ekstranummer, runda han av med den kjende « The Prayer». Nydeleg.

Første møtet med Reidar Munkejord sin kunst var vakre naturbilete som vart vist på storskjermane framme i kyrkja.

Me sit elles att med ei god oppleving av kjenslevare dikt om menneskelege relasjonar.

«Grana og ospa», «Stillheten» og den åndelege songen hans med nåde som tema, vil leve vidare i tankane våre.

Det var tydeleg at folk likte det dei hørte. I alle fall var det kø rundt bokbordet hans etter framføringa.

Mellom 50 og 60 personar hadde funne vegen til Fitjar kyrkje denne haustkvelden.

Nedanfor kan du sjå to av bileta Reidar Munkejord viste på skjermane.