Radio Fitjar er for tida ute av drift. Sendaren er øydelagt.

Det er redaktør Ole Haukeland som opplyser dette til fitjarposten.no.

-Truleg er det  lynet som har slått ned og øydelagt sendaren på Storhaugen. Dette må ha skjedd torsdag då det bles som verst. No er sendaren sendt inn for å undersøkje om det lar seg gjere å reparere han. Om ein må kjøpe ny er det dyrt, og det må i tilfelle diskuterast i styret for radioen, seier Haukeland.

-Kor lang tid det vil ta før Radio Fitjar er på lufta att, er vanskeleg å seie noko om på noverande tidspunkt, meiner Ole Haukeland, til slutt.