Aldersgrensa for å delta i idrettshallen i går og i dag var sett til 15 år. Nokre gutar som var yngre tok fotballen med seg ut.

Det dreia seg om fotballturnering Elite – Bedrift – Damer, kunne ein lese på eit stort banner på veggen, med sponsor Wärtsilä sin logo på.

Svært mange var til stades under turneringane, både spelarar og publikum. Det var stor skilnad i alder på sistnemnde, frå små barn til aldrande kvinner og menn. Ute i ball-bingen trefte me ein glad gjeng med gutar som sparka fotball. Dei fortalde at mor eller far eller ein onkel deltok i turneringane. Kampane tok tid, borna trong litt avveksling og gjekk ut og spela medan nokre snøfiller dala ned. Alle fem var samde om at fotball er kjempekjekt. Om nokre år er truleg desse aktive i fotballturneringa som Ole Bergesen har stått i bresjen for dei tolv siste åra.

Det høvde seg slik at me trefte fotballentusiast Trond Henriksen i det han var på veg til å spele semifinale i ettermiddag. Han håpa sjølvsagt at laget Håkelklubben skulle vinne; det ønskjet gjekk vel ikkje i oppfylling?

Elles viser me til fyldig reportasje der Kjetil Rydland skildrar Wärtsilä Cup på ein framifrå måte.