– Vêrvarslinga melder om utrygt for torevêr frå i ettermiddag igjen, og me vil oppmoda alle om å dra ut kontakten på alt Altibox-utstyr, heimesentral, telefon og tv-dekodarar, heiter det i ein mail frå Fitjar Kraftlag.

– Me håpar med dette at alle beheld tv, telefoni og internett i julehelga. Hugs at vi har ikkje vaktordning utanom kontortid på breiband. Har du feil på breibandsutstyret ditt, kan du ringja Altibox Feilmeldingstelefon 05270, legg Kraftlaget til.

Rådet om å trekkje ut kontaktar gjeld nok òg anna data- og internettutstyr. Det er lett å få det øydelagt i torevêr. Det har me sjølv erfart.