Er du av dei som begynner å lure på kva fartsgrensa er når du er ute og køyrer? Undersøkingar syner at mange gjer det. Men den generelle hugseregelen er enkel.

Det er forskringsselskapet IF som syner til ei undersøking der det går gram at mange ikkje får med seg fartsskilta. Den generelle hugseregelen kan hjelpe.

Farten på norske vegar er anten 50 eller 80 kilometer i timen. Alt anna er unnatak og vert skilta spesielt, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Den generelle fartsgrensa utanfor tettbygd strøk er 80, innanfor er den 50.

– Om du er på en landeveg og ikkje ser eit fartsskilt etter at det har gått ein kilometer, kan du anta at lovleg fart der er 80 kilometer i timen. 30-, 40-, 60- og 70-soner skal derimot skiltast kvar halve kilometer, seier Ranes.

Ein del fartsgrenser er tidsavgrensa. Vegar forbi skular, idrettshallar og vegarbeid kan ha fartsgrenseskilt med underskilt som syner tidsperioden på døgeret då fartsgrensa gjeld. All arbeidsvarsling har dessutan fartsskilt med gul botn.

Les meir på If si side.