Kantoren trivst med det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Jan Overweg.

I sommar vil kantor Jan Overweg halda tre lunsjkonsertar i Fitjar kyrkje, laurdag 4. juli, laurdag 18. juli og laurdag 1. august.

Lunsjkonsertane dei to siste åra på det praktfulle orgelet i Fitjar kyrkje har fått veldig bra respons, og kantor Jan Overweg vil gjenta suksessen i år.

Kantor Overweg spelar ein halvtimes program, som byrjar kl.12.00 alle tre dagane.

  • Laurdag 4. juli kl. 12.00
  • Laurdag 18. juli kl. 12.00
  • Laurdag 1. august kl. 12.00

Det er gratis entré.