Fitjar kyrkje har fått nytt orgel. Foto: Jan Overweg.

I sommar vil kantor Jan Overweg halda to lunsjkonsertar i Fitjar kyrkje, laurdag 13. juli og laurdag 27. juli.

Lunsjkonsertane i fjor sommar på det praktfulle nye orgelet i Fitjar kyrkje fekk veldig bra respons, og kantor Jan Overweg vil gjenta suksessen i år.

Den første lunsjkonserten blir førstkomande laurdag, 13. juli, og den andre 27. juli.

Kantor Jan Overweg spelar eit program på ein halvtime, som byrjar kl.12.00 begge dagane.

Det er gratis entré.

- Annonse -