Det lukta framleis brent langt utanfor det store brannområdet på 30-40 mål i Sælevik då fitjarposten var ute for å sjå på tilhøva i dag. No manar brannsjef Tore Nesbø til varsemd.

– Det er ekstremt tørt i terrenget, og vegetasjonen er lettenneleg no før det blir grønt, seier Nesbø blant anna i dagens papirutgåve av bladet Sunnhordland.

Han legg til at det er fleire år sidan Fitjar har hatt ein skogbrann av eit slikt omfang. 

– Me var heldige som fekk så mykje hjelp ifrå naboane våre, både frå flyplassen, Stord og Sveio i tillegg til hjelp frå mange frivillige, seier han.