Medan folk flest var opptekne med Hatlevikbasaren, eller opninga av kaianlegget Sjøsio, segla luksusyachten "Vive La Vie" mellom Fitjarøyane sist laurdag. I følgje NRK Rogaland er den påkosta farkosten designa av nordmannen Espen Øino, bygd i Tyskland og registert i skatteparadiset Cayman Island. Yachten skal vera seksti meter lang, drøyt 12 meter brei og 21 meter høg.

Har du bilete som du ønskjer å dela med fitjarposten.no sine lesarar – send  dei til oss.