Kjære badeglade i Fitjar: Kan me løysa køen?

Etter at me starta opp bading med varmare basseng kjem det rett og slett for mange til at me kan «serva» den første timen. Mellom klokka 18-19 er det meininga at familiar med små born – 0-10år – kan få bada. Dei som er litt større – frå 10 år og oppover – får tilbod mellom klokka 19-20 – dette er gjort for å skjerma dei minste som enno ikkje kan symja, og for at det skal vera litt roleg.

Bassenget er ikkje stort nok til alle desse på ein time. Fint om dei over 10 år kan venta til klokka 19.

Gjer og merksam på at det er satt av ein time til dei som vil symja mellom klokka 20-21. Me vurderer å utvida tilbodet etter jul, dersom «trøkket» er like stort, men då treng me fleire badevakter. Me skal ha kurs 14. november. Ta kontakt med frivilligsentralen dersom du ønskjer å vera badevakt! Tlf. 53 49 90 91 NB! Badevaktene har eit stort ansvar desse kveldane!

Dersom det vert avdekka bråk eller grising i dusjen,slik som sist, vert neste steg utvisning frå bassenget ei tid framover! Fint om foreldre kan hjelpa oss å snakka med borna, eventuelt sjå om det er mogleg å tilpassa timane slik at alle får ei god stund i det våte element!

Helsing Fitjar Frivilligsentral Koordinator for badetilbodet

Ellinor A. Bergesen
frivillig@fitjar.kommune.no