I fjerde time i dag kom 5. klassingane på besøk til 1. klassingane på Rimbareid skule. Og det vart både Lucia-framføring og juleverkstad. Denne hausten har elevane i femte klasse nemleg vore fadrar for dei i første. Så dei er godt vane med å vera i lag ein gong i veka. I dag vart det likevel annleis i det dei store framførte Lucia-song for dei små, før dei hadde juleverkstad i lag etterpå. Ei god oppleving både for store og små, så langt me kunne sjå.

- Annonse -