Tysdagsklubben i Øvrebygda startar eigentleg opp igjen tysdag 14.01 kl 17.

I morgon fredag blir det likevel ein tjuvstart med ei samling på Øvrebygda bedehus kl 17.30 til 18.30. På søndag er det «Barnas misjonsdag» i kyrkja, der Tysdagsklubben plar delta med flaggbering, tekstlesing, lystenning m.m. Barnas misjonsdag er ein del av NMS sin årlege Sunnhordlandsaksjon. Pengane som blir samla inn i år går til eit prosjekt i England. På fredag blir Olav Oma med og lærer oss litt om prosjektet det blir samla inn til. Så kan dei som vil hjelpa til i gudstenesta med ulike oppgåver få øva i lag.
Samlinga på fredag er ikkje berre for dei som brukar koma på Tysdagsklubben. Alle barn i Fitjar som har lyst til å anten bera flagg, lesa, presentera misjonsprosjektet, synga, tenna lys m.m. på gudstenesta er velkomne til Øvrebygda bedehus fredag kl 17.30.

Dette skriv klubbleiar Karen Elisabet Rydland Sæbø i ein e-post.