I kveld gjekk «tidenes» tyngste transport gjennom Fitjar sentrum. I alle fall om me snakkar om dei rundt 250 transportane i samband med vindmølleutbygginga på Midtfjellet.

Kolossen som vart transportert gjennom Fitjar sentrum i dag, var ein trafo på rundt 200 tonn. Traileren som drog han måtte ha hjelp av ein annan lastebil som skubba på bakanifrå – og for å få trafoen opp på fjellet måtte det i tillegg drahjelp til.

Kom med båt til Årskog
Trafoen vart frakta med båt til Årskog. Herifrå sørgde firmaet Scan-Shipping med Erik Sørensen i spissen for transporten vidare til fjellet, men politiet sin bil i front.

Men først måtte Eide Lift løfte trafoen frå båten han kom med og ned på lasteplanet på bilen som skulle frakta han vidare. Hengaren på bilen var vel førebudd. Heile 56 dekk sørgde for at han kunne ta imot den tunge kolossen.

Sneglefart
Men fort gjekk det ikkje. Traileren måtte ha dyttehjelp for å kome frå kaien og opp til hovudvegen i Årskog, og derifrå gjekk det med sneglefart vidare. – Ingen vits i å ta nokon sjansar med noko som kostar 20 millionar kroner, kommenterte driftsleiar Lars Helge Landa ved Midtfjellet Vindpark AS. 

Dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft, Erik Mortensen, fortel til fitjarposten at den nye trafoen har tre viklingar mot den eksisterande sine to, og at denne trafoen har eit kombiføremål.

– For det første vert han ein del av SKL sitt distribusjonsnett som skal sikre straumforsyninga til Fitjar, Austevoll, og Tysnes ++. For det andre skal han vere ei alternativ utmating av energien frå Midtfjellet. Slik betrar han mellom anna leveringssikkerheiten av straum til Fitjar, seier Mortensen til slutt.