Gunvald Aarbø og Johan Rune Korsvik skiljer lag etter 18 år. Foto: Waage Anlegg

Gunvald Aarbø og Johan Rune Korsvik løyser opp firmaet dei har hatt saman i nesten 18 år.

I følgje Brønnøysundregisteret vart firmaet Aarbø og Korsvik Forskaling DA starta i februar 2002. Heldigvis er det ikkje ei stor usemje som splittar dei to mennene etter nær 18 år partnerskap. Grunnen er nemleg at Gunvald Aarbø flyttar til Ørnes.

Johan Rune Korsvik har no starta enkeltmannsføretaket Korsvik Forskaling for å fortsetja i anleggsbransjen på Fitjar.

Waage Anlegg som spreidde nyheita om oppløysinga på si Facebookside takkar Aarbø og Korsvik for nært samarbeid over mange år. Samtidig som dei gler seg til å arbeida enno tettare med Johan Rune Korsvik framover.