I alt 115 stilte til start i Fitjardalten søndag ettermiddag; av desse stilte 23 i klassen med tidtaking. Cornelia Bloch vann kvinneklassen, medan Tommy B. Laitinen vann herreklassen på ny løyperekord.

Stordløparane Cornelia Bloch og Tommy B. Laitinen var relativt suverene i årets Fitjardalt. Den nye løyperekorden til Tommy B. Laitinen lyder på 29.18.06. Med den tida kom han i mål vel to og eit halvt minutt før nestemann, Jacob Hystad, også han frå Stord. Fjorårsvinnar Harald Engevik stilte ikkje på startstreken i år, og beste Fitjar-løpar blei Karsten Vestbøstad på tida 37.36.05. Cornelia Bloch var nesten like suveren i kvinneklassen. På 2. og 3. plass kom to gamle kjenningar frå Haugesund, Astrid Dahle og Bodil Melkevik. Beste Fitjar-løpar blei Marit Nitter Havro på 4. plass.

I Minidalten deltok 17 ungar under 12 år. Dei sprang ei løype på 800-900 meter på banen og i byggefeltet i Bakkjen. Her fekk alle deltakarane medalje. Turen rundt Rossneset var det veldig få som gjekk. Det store fleirtalet gjekk den 9 kilometer lange løpa rundt Vestbøstad, den same som dei sprekaste sprang. Bortsett frå ei regnbye i byrjinga var turvêret bra, og folk kom seg i mål utan å bli altfor våte.

Resultat Fitjardalten 2008
Menn:
Tommy B. Laitinen, Stord 29.18.06
Jacob Hystad, Stord 31.54.56
Bjørn Tore Taranger, Bgf Fana 34.39.11
Karsten Vestbøstad, Fitjar 37.36.05
Gunnvald Aabø, Fitjar 40.10.05
Ronny Skramestø 40.10.92
Arne Innbjo, Haugesund 40.34.52
Øystein Dahle, Haugesund 40.58.72
Magne Sakseid 42.19.06
Per Bergesen, Fitjar 43.09.81
Tormod Bergesen, Fitjar 43.20.43
Svein Aarbø, Fitjar 43.43.35
Terje Træet, Fitjar 44.02.61
Ingvald Nordtveit 44.59.29
Trygve Eiken, Fitjar 50.08.59
Dagfinn Brekke, Fitjar 51.13.42
Kvinner:
Cornelia Bloch, Stord 36.26.72
Astrid Dahle, Haugesund 38.38.45
Bodil Melkevik, Haugesund 41.36.51
Marit Nitter Havro, Fitjar 43.28.28
Solfrid Bø, Fitjar 47.04.17
Gunhild Haukeland, Haugesund 48.58.71
Marianne Heggholmen Aarbø, Fitjar 52.37.92
Viagra won’t advertise on NFL games, signaling softening ad market where to buy viagra This doctor won’t prescribe Addyi, the «female Viagra.» Here’s why.