– Tysdag var kystvaktskipet KV Tor på vitjing i farvatna kring Fitjarøyane. På lista over gjeremål stod mellom anna kontrollering av teiner og garn sett ut av hobbyfiskarar, fortel stordnytt.no.

 

Reglane seier at minst ei av blåsene eller bøyene skal merkast med namn og adresse, og eventuelt telefonnummer til den som har sett utstyret ut. Yrkesfiskarar må merke reiskapen med eige registreringsnummer.

Kapteinløytnant Kenneth Dahl ombord på kystvaktskipet melder om lovlydige fiskarar i Fitjar-farvatna.

– Tysdag var det mest teiner me sjekka, og alle saman var lovleg utforma og merka slik reglane krev, fortel Dahl.

Les meir på stordnytt.no.