Ingen vart tekne for noko ulovleg då politiet hadde trafikk-kontroll i Fitjar i kveld.

Trafikk-kontrollen vart gjennomført av ein patrulje frå Stord lensmannsdistrikt mellom klokka 17.15 og 19.45.

-22 bilar vart kontrollerte,  og det var ingen merknader, melder operasjonsleiar Trond Olav Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.