Ei lita løvetann tittar forsiktig fram i dag. Foto: Kjetil Rydland.

I ei vesthalling i Ovbygdo oppdaga me i dag eit par små løvetenner i blomst.

Blømande løvetann er vanlegvis ikkje noka spesiell gladmelding. Men denne gongen gjer me eit unnatak.

Det er slett ikkje dagleg kost at løvetann blømer i februar. Derfor synest me det er ein liten sensasjon at fekk me sjå to små løvetenner som har våga å opna blomane sine i dag.

Som alle veit, er løvetann ei svært hardfør plante, og ho veks stort sett alle stader der det er sol. Ho blømer store delar av året, men vanlegvis mest frå april til juli.

Me vågar å slå fast at februar absolutt er utanfor sesong. Og det spørst korleis det går dersom det kjem frost i natt.

Og like ved står det ein liten plante til. Foto: Kjetil Rydland.