Vesta-livbøyen på Smedholmen er gamal og utsliten, men vonleg får me ein ny denne veka. Foto: FP-lesar.

Livbøyen på Smedholmen er ubrukeleg, men no har Friluftsrådet vest lova å setja opp ein ny i løpet av veka.

Ein lesar fortel at ho har kontakta Friluftsrådet vest etter at ho på laurdag oppdaga ein ubrukeleg livbøye på Smedholmen. Tauet er svært slite og har har roke to stader på «Vesta»-livbøyen.

Dette er eit mykje brukt friluftsområde, og lesaren vår tok sporenstreks kontakt med Friluftsrådet Vest. Allereie i dag lovar Oddvin Øvernes at det vil komma opp ny livbøye i løpet av denne veka. Flott!