-Me ønskjer å bli meir aktive, seier nyvalt leiar i Fitjar bygdelag, Marianne A. Korsvik, til Fitjarposten.no

Det var på Fitjar bygdelag sitt årsmøte nyleg at Korsvik tok over leiinga etter Lars Inge Nesbø.  Og i tillegg til Marianne A. Korsvik, er Kristin Mæland, Årstein Tislevoll, Ansgar Helland og Alf Inge Træet med i det nye styret i Fitjar Bygdelag.

I styret for «Fitjartun» sit Alf Træet, Bjarte Tharaldsen og Erling Hatlevik. 

Bygdafesten 17. mai er allereie på blokka, men laget vil, som nemnt, bli meir aktivt etter kvart.

-Få med at med at me vonar at dei unge vil bruka huset meir, seier Marianne A. Korsvik, til slutt, og opplyser om at dei som ønskjer å leige Fitjartun kan ta kontakt med Henny Strand på tlf. 905 60 605.