Årstein Tislevoll. Arkivfoto: Kjetil Rydland

I år vert det førjulsjam på Fitjar Fjordhotell, og arrangørane håpar på ny suksess.

– Ja, me har fått på plass mange flinke musikantar, so dette gler me oss veldig til, fortel julejam-generalane Ansgar Helland og Årstein Tislevoll.

Dei ramsar opp dei mange artistane som kjem på laurdag.

– The Revivals, Fitjar kammerkort, Oddvar Schei, Bjørn Helland, Metal Shark, Country Boys, Olebakkjen «Kim Larsen Tribute Band og fellesjam. Ja, det vert ein god miks, so her skal det vera noko for alle, lovar dei to karane.

I fjor stilte Fitjarbuen i hopetal til hendinga, og Helland og Tislevoll håpar på ny suksess.

– Me kan lova god musikk, men stemninga må folk stilla med, og me håpar at folk ser verdien i å ha ei slik hending. Her kan ein dansa, syngja eller berre høyra på. Ta med ein venn og inviter naboen til ein pause frå julestria. For dette trur me vert ein kjekke kveld!

Konserten startar 20.30, og den er på laurdag (21.desember).