Johannes Sandvik Bø - nest best i Noreg i sin årsklasse. Arkivfoto.

Gårsdagens testløp over 800 meter viste at dei lettbeinte friidrettsungdommane frå Fitjar har trent godt under koronapausen.

Trenar Bård Inge Bø tok også denne gongen på seg rolla som hare. Han heldt i 550 meter, men då syntest unge Johannes Bø at det gjekk for sakte, og kosta forbi.

Løpsopplegget var å opne med 65-runde, og passera 600 meter på 1.38. – Eg var nok eit sekund bak på 600 meter, men elles var det ganske bra fart, smiler den langbeinte trenaren.

Johannes Sandvik Bø vann løpet på tida 2.13,37, som er rundt den personlege rekorden hans. Også Marius Pedersen kom inn på ei tid som er nesten identisk med pers. Den som viste størst framgang, var igjen Halvor Livastøl Aga, som persa med tida 2.19,86.

Dei to siste – Anna og Bjart Sandvik Bø – tok det meir som ein tur, seier trenaren, men han understrekar at det var meir enn godkjent innsats av alle løparane.

Resultat frå fredagens testløp over 800 meter:

– Johannes Sandvik Bø 2.13.39
– Bård Inge Bø 2.14.20
– Halvor Livastøl Aga 2.19.86
– Marius Pedersen 2.27.70
– Anna Sandvik Bø 2.50.64
– Bjart Sandvik Bø 3.05.73