Handballdamene hadde ein ny god dag i idrettshallen då dei "feia" Årstad 3 av banen med 30-20. Lovande takter viste og dei 10 år gamle gutane i den aller første seriekampen sin, sjølv om dei måtte tåla tap mot Tysnes.

Damene hadde ingen problem med å utklassa Årstad 3 i dagens kamp i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Spesielt var 1. omgang god frå heimelaget si side, og ved pause var leiinga så klar som 17-10. Andre omgang blei litt meir jamspelt, men det var aldri tvil om kven som var det beste laget. Fitjar-damene varta opp med mange fine kontringsmål; nettopp kontringane var den store forskjellen på dei to laga.

Gutane i 10-årsklassen greidde ikkje å kopiera damene, og måtte tåla tap 7-11 mot Tysnes. Likevel viste dei lovande takter, spesielt når me tenkjer på at dei berre har to treningar bak seg. Første omgang bar preg av at dette var første kampen til gutane, og dei måtte nøya seg med dei to måla til Jedrek, mot Tysnes sine sju. Men i andre omgang noterte etter kvart fleire av dei andre Fitjar-gutane seg på scoringslista og sluttresultatet 7-11 lar seg absolutt høyra.

Oppmann Vidar Larsen hadde berre lovord å komma med etter kampen. Det er all grunn til å sjå lyst på hausten, når dei etter kvart får fleire treningar på baken, under leiing av trenar Leif Tore Aarland.