Det var i spørsmålsrunden etter Lars Sponheim sitt innlegg i kommunestyresalen i dag at Fylkesmannen på ståande fot lova 100 000 kroner til ei meiningsmåling i Fitjar for å finna ut korleis folk stiller seg til kommunesamanslåing.

Bakgrunnen var at varaordførar Agnar Aarskog stilte spørsmål om korleis ein kunne involvere folk i denne prosessen og om røysting eller meiningsmåling kunne vere ein måte å gjere det på.

Sponheim svarte straks at han såg det som svært viktig at den vanlege fitjarbuen sat med det same kunnskapsgrunnlaget som politikarane.

-Men når dei har det, skal de får kr 100 000 til meiningsmåling. Det er berre å ta kontakt med meg, sa ein smilande fylkesmann, som tidlegare hadde peikt på at departementet har lagt til rette for nokre gode meiningsmålingsprinsipp.

 

Ingressbilete: -Når folk har fått god informasjon om kommunesamanslåing kan de ta kontakt med meg å få 100 000 kr til meiningsmåling, sa fylkesmann Lars Sponheim til fitjarpolitikarane i ettermiddag. Foto: Håkon C. Hartvedt