Elevane på Design og Handverk på Fitjar vgs hadde i går storstilt Oscarutdeling i samband med framsyning av reklamefilmar elevane nyleg har laga.

Det starta med at dei hadde ein runde der dei gjorde seg kjende med emballasjen på ein del varer. Så fornya dei desse, eller laga heilt ny emballasje til produktet. Med dette som utgangspunkt produserte dei så reklamefilm til vara dei hadde valt.

Etter å ha sett filmane kan fitjarposten.no fortelje at det bur mykje god kreativitet og filmtekniske kunnskapar hos ungdommane. I tillegg var ramma rundt det heile strålande. Programleiarane og prisutdelarane stilte i finstasen, og det vanka både «drinkar» og kanapéar. Konvoluttar som skulle opnast ved å dra i eit band var på plass.Takketalane òg.

Lærarane Rigmor Lamo og Hilde Killingrød understreka at dei berre hadde sett i gang det heile og vore pådrivarar bak kulissane. Gjennomføringa og all produksjonen stod elevane sjølve for. Men lærarane hadde æra av å kåra den beste filmen, og fitjarposten.no var svært samd i at Gina sin «Coffee» var den beste. Langt over gjennomsnittet både med omsyn til fotografering og redigering – og med ein artig, kreativ vinkling på bodskapen.