Då Fitjar Skulekorps opna dørene til Kultursalen i går føremiddag, var det reine valfarten av folk som ville sjå tilboda på den store loppemarknaden.

Det er tydeleg at folk er interesserte i å kjøpa brukt til ein rimeleg penge, for loppemarknaden til Fitjar Skulekorps trekte folk i strie straumar. Folk kunne knapt venta venta på at det skulle opna, og stilte opp i god tid før klokka 10 laurdag føremiddag.

Liv, Lars Mandius og Lotte Kyvik var tidleg ute, og sikra seg dette flotte fotballspelet. Foto: Kjetil Rydland.

Og det var slett ikkje berre fitjarbuar som hadde fått med seg at det kunne liggja gøymt eit og anna gullegg i Fitjar kultur- og idrettsbygg i går. Unge og gamle i alle aldrar strøymde på frå heile Stordøya; sjeldan eller aldri har me sett så mykje folk i den tettpakka Kultursalen, som var svært så full frå før, av lopper i alle fasongar.

Folk hadde vore svært flinke til å koma med lopper, og det var mykje å velja i. Rundt om i kultursalen stod det lange rekkjer av bord med varer for ein kvar smak, og prisane var kundevenlege.

Denne gamle senga skal ut til Smedholmen, seier kultursjef Bente Bjelland. Foto: Kjetil Rydland.

Ein av dei ivrigaste loppejegerane er kultursjef Bente Bjelland. Ho nytta høvet til å sikra seg ei meir enn hundre år gammal seng, som skal til Smedholmen. Eitkvart lite til seg sjølv fann ho òg.

– Dette er årets høgdepunkt for meg, smiler den blide kultursjefen, som plar følgja godt med på førehand kva Kari Konglevoll Prestbø og dei driftige loppedamene har i ermet.

Når me tenkje på kor mykje det var å velja i, kan dei neppe få ut alt. Men det såg ut til å vera bra avsetnad på varene. Folk frå heile Stordøya leita med lys og lykte etter skattane, og mange kunne går ut att med eit smil om munnen. Dei som ikkje fann lopper av interesse, nytta høvet til å ta føremiddagskaffien i foajeen. Blant desse var ein glad gjeng frå Stord:

– Det er lenge sidan eg har kryssa kommunegrensa no, seier Egil Taipale frå Stord.

- Annonse -

Han som har teke med seg kollega Rune Langaker og sonen Severin Langaker på langtur. Det såg ut som om dei var mest opptekne av skillingsbollane, men meinte absolutt at det var ei vellukka utflukt.

Loppemarknad er ikkje noko nytt for skulekorpset. Dei tok opp att ein gammal tradisjon i 2013, etter rundt 20 års pause. I dag kan me slå fast at loppemarknaden har blitt ein fulltreffar.