Fitjar Bygdekvinnelag var kan hende litt beskjedne med plakatar for tilstellinga laurdag ettermiddag. Men Peratunet stod fullt av bilar då me kom dit.

Nokon valde å gå rett til garasjen for å sjå på loppemarkedet, og handel vart det. Me høyrde blant anna om ei som sikra seg eit fint kaffiservise. Inntekta av garasjesalet skal gå til eit godt føremål i bygda vår, fortel Lilli-Ann Drønen. Bygdekvinnelaget har kvart år gitt ei gåve til alders- eller sjukeheimen eller andre.

Mange gjekk først inn i Peraløo der det var kafé og salsbord med smykke frå Polen, strikke-/heklearbeid og heimelaga slireknivar. Heimebakst kunne ein også få kjøpt. I kafékroken kunne ein nyta ein god tallerken med rømmegraut. Og etter ei pratestund ved bordet smaka det med kaffi og svele. Folk hygga seg saman denne regnfulle laurdagen, og dei som kjøpte boka som Johanne Øvstebø Tvedten har skrive, kan hygge seg med triveleg lesnad framover. Ho har samla barndomsforteljingar frå 1950-talet, der også fitjarfolk tek fram minne frå barneår og oppvekst.

Elin Korneliussen og Lilli-Ann Drønen fortel  at ideen til dette arrangementet dukka opp ein dag då dei var saman og baka lefser. Kanskje det var nokre av desse som låg på salsbordet i dag?