Førstkomande laurdag blir det loppemarknad i grendahuset på Hageberg.

Velkommen til loppemarknad og kafé i grendahuset laurdag 22. mars kl. 11.00-15.00.

I kafeen vert det sal av graut, saft, kaffi, te og pannekaker/vaflar.

Me vil gjerne ha «lopper» og for dei som ønskjer å bidra kan loppene leverast på grendahuset fredag 21. mars kl. 18.00-19.00.

Kan du ikkje levere loppene sjølv, ta kontakt med Ingunn på tlf. 47758702.

Me tek imot alt frå bøker, dekketøy, pynteting, leiker, bilde, kjøkkenting, snurrepiperier, musikk, brukbare kler og sko, ting og tang og anna som framleis kan brukast av andre.

Me har diverre ikkje moglegheit til å ta imot store møblar og kvitevarer, men ta gjerne med eit foto av gjenstanden, så hengjer me dette på veggen.

Hugs:
Loppemarknad er spennande!
Sosialt, ein kan møte gamle og nye kjente!
Ein kan spare pengar!
Er eit flott miljøtiltak!

Hjarteleg velkomne til ei god stund på Grendahuset på Strando!
Helsing komiteen.