Førstkommande laurdag skipar Stranda Vel til loppemarknad på Hageberg skule, fortel initiativtakarane Torill Dahle og Kari Raunholm.

Torsdag 30. september og fredag 1. oktober mellom kl. 18.00 og 20.00 tek dei imot lopper på Hageberg skule  Dei tek imot alt frå bøker, glas, blad, pynteting, snurrepiperier, musikk, leiker, bilde, kjøkkenting, artige og brukbare klede og sko, til ting og tang og alt anna som fortsatt kan brukast av fleire.  Dessverre kan dei ikkje ta imot store møblar og kvitevarer, men ein kan ta med eit foto av gjenstanden, så henger dei dette opp på veggen.

Det vil også bli høve til å ha eigen bod viss nokon har ting de ynskjer å selja. Hugs å gje beskjed om dette på telefon til Kari Raunholm 90585586 eller Torill Dahle 93467493. Dei minner om at loppemarknad er spennande, sosialt, ein kan møte nye og gamle venner, og ein kan spara pengar. Dessutan er det eit flott miljøtiltak.

Arrangørane ønskjer hjarteleg velkommen til ei god stund på Hageberg skule laurdag 2. oktober kl. 11.00 til 15.00. I kafeen blir det sal av graut, kaffi og kaker.

Ring på førehand, så kan du levera lopper til Kari Raunholm på Fitjar kultur- og idrettsbygg. Når som helst. Bur du på Leirvik, må du ta kontakt med Torill Dahle.