Mykje moro og sterk innsats prega Løp for livet-arrangementet som Fitjarrussen gjennomførte tidlegare i dag.
Samanlagt fekk dei inn 2773,50,- kroner for løp og vaffelsal. I tillegg plussa russen på 6000 kr frå overskuddet frå revyen. Dermed kan nesten 9000 kroner sendast til Kreftforeningen. I alt stilte ni lag til start.
Resultat:
Beste tid: 9b ved Rimbareid skule (5:50)
Beste stafettpinne: Bleia med bæsj – Ein klasse som kalte seg "Babies" (elevar ved FVGS)
Beste utkledning: the 80's (Elevar ved FVGS)
Russen stilte elles med to personar som sprang heile løypa med samanbundne bein. Dei kom i mål på 14:33
På bildene ser du felles uttøying for deltakarane, start og laget til russen (Aina Koppang til venstre og Ingrid Vad til Høgre).