Søndag 2. november arrangerer Barnas turlag Stord/Fitjar den årlege lommelyktturen på Lundastøl.

-Dette er ei markering av alle som har delteke på barnas topptrim i år og det kjem til å bli utdelt premiar til alle som har minst tre av fire turmål. Men me ynskjer velkommen til alle barnefamilar  i Stord og Fitjar, seier Wenche Nygård.

Ho fortel vidare at det vert oppmøte ved Lundsæter kraftstasjon kl 17.00.
Ein  følgjer så  refleksløype inn mot Lundarstøl. Det vert høve til å grilla mat ved gapahuken. Ta med sjølv det ein vil ha å ete og drikke. Ved gapahuken vert det skattejakt i mørkret.

-Ta med mat og drikke og drikke, refleksvest og lommelykt, oppmodar Nygård, til slutt.